Vikebygd-filmen

Vikebygd-filmen «Ålfjordens Perle»

Vikebygd Grendeutval (VGU) har heile tida fokus på aktivitetar som kan bidra til å auke tilflytting til Vikebygd. Her er det mange element som har innverknad på den kontinuerlege prosessen for å gjere bygda betre kjent i regionen på ein positiv måte og med håp om auka innbyggjartal. Dette er viktig med tanke på å behalda både skule, barnehage og butikk i bygda.

Vikebygd-filmen er eit viktig bidrag i denne samanheng. Me håper filmen blir godt mottatt og delt vidare i alle mogelege kanalar. Særleg viktig er det å dela filmen med utflytta Vikebuar som veit kva me snakkar om og kva me har å by på i bygda. Kanskje dei treng ei påminning om at bygda framleis ligg her og ventar på at dei skal vende tilbake.

Som ein kanskje veit heiter det: Ein gong Vikebygd – Alltid Vikebygd.

Vikebygd-filmen er laga med støtte fra lokale verksemder, Vindafjord kommune og tildelte SØK-midlar.