Ålfjorden
Ålfjorden strekk seg langs heile vestsida av Vikebygd. Dette gjer at, uansett kor du befinn deg i Vikebygd, er du aldri langt fra sjøen. Ålfjorden er 27 km lang og strekk seg helt fra Sundfør i sør og helt nord til fjordens utløp mellom Bjoa og Tittelsnes. Derfra har du mange valgmuligheiter for kor båtturen skal fortsette. Enten du dreg innover mot Kvinnherad og Hardanger, eller du heller søkjer utover langs kysten og skjærgården rundt Stord og Bømlo.
Ålfjorden er godt kjend blant veldig mange på Haugalandet og området rundt. Minner og opplevingar i Ålfjorden er ofte knytt til natur, fiske, hytteliv/idyll og fritid. Dette er gode verdier som Vikebygd kan lokke med til kvardags. Vikebygd er sentralt plassert i fjorden og er eit naturleg midtpunkt både for båtturistar og andre som ferdes i fjorden.