Vikestølen
Vikestølen er ein gammal støl frå hundreårsskifte. Denne staden har vore ein stemneplass heilt frå år 1900, for folket i dei 5 kyrkjesokna som ligg rundt dette fjellpartiet: Vikebygd, Bjoa, Skjold, Vats og Ølen, men er sjølvsagt ope for alle som ynskjer å delta.
Ansvarleg for det årlege stemnet er eit styre med ein representant frå bedehusmiljøet i kvar av desse 5 kyrkjesokna.
Ein bauta blei reist i 1913. Vikestølshytta ligg i fin natur på Vikestølen, ca. 1 times vandring frå Eikås/Rotvoll eller Vikebygd. Hytta er det gamle skulehuset som tidlegare stod på Utbjoa. Den er reist og eid av idrettslaga i Bjoa og Vikebygd. Vikestølsmarsjen blir arrangert kvar haust, vanlegvis tidleg i september.
På vikebygd.org finnes det ei bok om Vikestølen. Boka er ei samling med stoff frå aviser og anna frå Vikestølen og det årlege Vikestølsmøtet, åra 1900-2000.
Sjå link http://www.vikebygd.org/vs/vs13.htm
Kjelde: Wikipedia og Steinar Skartland