Vikebygd i bilde

Bli med og bidra i prosjektet – «Vikebygd i bilde!»

Grendeutvalet i Vikebygd har bestemt å samle inn bilde som kan nyttas til reklame for bygda i ulike samanhengar. Til dette arbeidet treng me alle gode krefter med på laget. Me ønsker å bygge opp eit bildearkiv med motiv frå Vikebygd og alle hyggelege aktivitetar som skjer i bygda. Dette kan vere alt frå 17. mai feiring med tog og leker på Bygdahuset, sommar og badeaktivitetar, motiv frå den flotte naturen vi omgir oss med eller bilde frå fisketuren med «den største fisken nokon – nokosinne hadde sett»…

 

Bakgrunn: Grendeutvalet har heile tida fokus på aktivitetar som kan bidra til å auke tilflytting til Vikebygd. Her er det mange element som har innverknad på den kontinuerlege prosessen for å gjere bygda betre kjent i regionen på ein positiv måte. Grendeutvalet ønsker derfor å samle inn alle sortar bilde frå Vikebygd som viser kor attraktiv, sosial og hyggeleg denne bygda er.

Bilda er i fyrste omgang tenkt brukt i ein enkel presentasjon om Vikebygd på nett. Presentasjonen skal gjerast tilgjengeleg på Vikebygd.no og andre stader kor det kan vere naturleg. Presentasjonen skal i tillegg kunne nyttas av næringsliv og andre som ønsker å presentere bygda «ute i verda».

Me håper på mange bidrag, og gleder oss til framhaldet.

Bilda kan sendast til: post@vikebygd.no

Sjå galleri av nokre bidrag ->

Sjå ein enkel PowerPoint-presentasjon av alle bidraga 2017->

Sjå ein enkel PowerPoint-presentasjon av alle bidraga 2018 ->