Om Vikebygd

Ill_Kart_Vikebygd

Kartutsnitt: Vikebygd

Vikebygd ligg i Vindafjord Kommune på grensa mellom Rogaland og Vestland fylke. Her er omlag 560 fastbuande (men i helgar og feriar kan talet mest dobla seg).

– I sentrum ligg barneskule, barnehage og Jokerbutikken Vikebygd Landhandel

-Rett overfor Joker butikken står det ofte eit skilt om at det er ope på Klokkargarden. Dette er ein liten butikk som sel heimelaga og kunsthandtverk.
Ting til gåver mm. Følg vegen oppover til endes.

– Nede ved fjorden, kor det i gamald tid var bakeri, finn vi serveringsstaden «Plassabakeriet» kor folk kjem langvegs frå for å få oppleva maten og stemninga når her er ope i sommarhalvåret. Av og til fyrer eigarane opp i den gamle bakaromnen og lagar brød og boller som i tidlegare tider. Seinare år er det berre ope frå St.Hans til fyrste helg i august. Elles utleige til slutta lag.

– Like oppfor kaien ligg den kvite Kyrkja i bygda. Ofte vert ho kalla katedralen i kommunen. Ei vakker murkyrkje, den 5. i talet, omgitt av ein velsteld kyrkjegard.

– På andre sida av hovudvegen har aktive bønder pusa opp og sett i stand «Gamlatunet» som nå både er Bibliotek, serveringsstad og kor det er mogeleg å få overnatting.

– Rett sør for Gamlatunet ligg eit bygg som vart kalla «Fortsettelsen» tidlegare. Eit hus gjeve til barne- og ungdomsarbeid. Dette vert no kalla Speidarloftet, og er tilhaldstaden til den svært aktive speidartroppen.

– Tek ein vegen utover mot Naustvika så ligg her fleire bustadfelt og små gardar ned mot sjøen. Her finn ein også ‘Ålreit’ Coatching og kompetansesenter.

– Lengre sør i bygda, oppe på garden Bjordal, finn vi Bjordalstunet, ein stad både for kurs, selskap, overnatting og servering.

– I fjella rundt bygda er det sett ut «nutakassar» i sommarhalvåret. Her kan fjellvandrarane skriva seg inn. Det vankar diplom og merke til dei som tek turen innom alle kassane.

– Frå sentrum i bygda går også vegen opp til Vikestølen. Nå er her ein utfartsstad for alle som vil. Anten det er til det årlege Vikestølsmøtet kvar sumar, eller Vikestølsmarsjen om hausten, eller kan hende ei friluftsgudsteneste ? Også Arquebusmarsjen frå Eikås til Langåsdalen går via Vikestølen. Både skuleklassar, barnehage, speidarar og andre i grupper eller for seg sjølv, tek turen hit både titt og ofte, om dei har lyst på ein tur til fjells – litt over ein time å gå på skogsvegen frå Vikebygd.

Så i Vikebygd skjer det mykje, og vi ynskjer også deg velkommen til bygda vår. Kan hende du kjem ein tur til Vikebygd ved ein anledning som Vikeputten fotballturnering, -eller berre for turen.

Temaansvarleg: Steinar Skartland