Nærområdet

cropped-vikebygd_750.jpgNærområdet til Vikebygd byr på mange muligheiter med flotte naturskjøne omgivelsar. Både fjord og fjell ligg der og det er berre å forsyna seg av alt som finnest like i nærleiken. Fjellene i området rundt Vikebygd tilbyr flott og variert turterreng. Enten du søkjer god utsikt på dei høgaste toppane eller du likar å finna roen lågare nede, gjerna ved eit vatn kor fisken sprett. Det er tilrettelagt med mange flotte turløyper i området, både i fjellet og på ulike stader långs fjorden.

Har du båt kan du reisa utpå Ålfjorden og nyta stillheiten eller dra opp ein fisk eller to. Det er ofte møkje fisk i fjorden. Det er ellers mogleg å gå i land og bada frå svaberga i ei av dei mange lune vikene som finnest både nord og sør i fjorden.

Om ein ynskjer å bu i Vikebygd finnest det tomter i byggjefelt med kort veg til skule og barnehage, butikk og alle andre fasilitetar. Dette gjer kvardagen enklare både for vaksne og born som slepp bilkø og stress for å rekkje fram i tide.

Her kan borna komma seg fram og tilbake på eiga hand, både til skulen og til fritidsaktivitetar.

Temaansvarleg: Stein Andor Sundve