Vik skule og barnehage

Bilete frå www.vindafjord.kommune.no

Vik skule, SFO og barnehage i Vikebygd er organisert som ei eining leia av rektor. Eininga ligg i sentrum av Vikebygd ca 34 km frå Ølen.

Vikebygd barnehage er ein kommunal barnehage i same eining som skulen, lokalisert i sentrum av Vikebygd. Me flytta inn i nye lokale hausten 2008.

Barnehagen har ei avdeling. 

Det er ca 18 barn i år.

Den administrative ressursen i barnehagen vert delt mellom rektor og pedagogisk leiar i barnehagen. 

Opningstider: 06:45-16:30


Vik Skule
 har 39 elevar i 1.- 7. årstrinn skuleåret 2019-2020

Vik skule og barnehage ligg flott til med skog, sjø og fjell i nærområdet. Her er lavvo i skogen og me driv mykje med uteaktiviteter. På uteområdet har me mellom anna ballbinge, treningsapparater og skogen.

Kjelde: Vindafjord kommune