Nærbutikken

Joker logo

VIKEBYGD LANDHANDEL AS

Telefon: 53 76 91 69
E-post: joker.vikebygd@joker.no

Vikebygd Landhandel, eller Joker som den «går for» til dagleg, finn du midt i bygda, like ved hovudvegen.  Me er lokalisert i hjartet av bygda – og vil gjerne vere både den føretrekte dagleg-varebutikken og ein sosial møteplass for både fastbuande og gjester/feriebuande.

OPNINGSTIDER:
Måndag – torsdag 08 – 19
Fredag  08 – 20
Lørdag  09 – 18

I tillegg til daglegvarer og blomster har me litt fiskeutstyr, medisinutsal,  maleutstyr, strikkegarn, leker/spill, kjøkkenutstyr,  lokalproduserte produkt og orienteringskart for salg.  Vidare har me avtale med Posten om pakkeutlevering og er kommisjonær for Norsk Tipping.

Oppslagstavla på butikken er full av nyttig informasjon for den som vil delta i ulike aktivitetar i bygda. Finn du ikkje det du treng der? Spør butikkpersonalet!

«Drøsestova» er kaffekroken vår. Her er det kaffi på kanna, aviser og plass til å sette seg ned og ta ein prat med kjente ( eller nye bekjente ) – rett og slett plassen for eit lite «friminutt»!  Rommet er møblert og pynta av «tusenkunstnaren» vår Hanne Jorun. Ho er flink med gjenbruk og redesign – og alt inventaret og «stæsj» på Drøsestova er for salg. Vidare finn du eit utval med lokalprodusert saft, gele/syltetøy og ramsløkpesto/-pure her.

Treningsrommet finn du i kjellaren på butikken. Me sel dagskort og månadskort ( heil/halv månad ). Rommet kan nyttast utanfor butikken si opningstid. Ta kontakt med butikkpersonalet for informasjon om prisar, adgangskode m.v.

Snittar/påsmurt og kaker: Me lager snittar/smørbrød ( eller anna påsmurt ) på bestilling. Treng du kake(r) til selskapet? Me kan ordne det for deg!  Kontakt butikkpersonalet for nærare informasjon og evt avtale.

Varebestilling og utkøyring: Ring – eller send oss mail – og me klargjer varene for deg. Vil du ha dei levert på døra – ja då ordne me det! Kontakt butikkpersonalet for meir informasjon!

Bok i butikk: Vindafjord bibliotek har «bok-kasse» på Drøsestova. Bestill bøkene på nettet og få dei levert her ( og når boka er lest returnerer du den på same plassen).

«Jokerdamene» ynskjer deg velkommen til hyggelig handel!

Temaansvarleg: Gunn Vikingstad