Gamlatunet

Klikk herDå kommunen valde å leggja ned biblioteket i Vikebygd, vart Jakob spurd om han kunne tenka seg å overta bøkene og halda ope eit privatdreve bibliotek.  Det sa han ja til.  Kvar onsdag er det ope med sal av kaffi og kaker og utlån av bøker.  Mange eldre har funne ein triveleg stad å samlast her på onsdagskveldane. Bøkene er og fornya.  Noko er kjøpt inn, og ein god del har han fått fra bygdefolk etter at dei sjølve har lese ferdig bøkene dei har kjøpt.

Men i Gamlatunet leiger han ut til selskap for personar og grupper.  Då stiller Jakob på kjøkenet og kokar middagar mm.  Og skulle det vera trong for å overnatta så har han fleire soverom på loftet til utleige.

Kjelde:vikebygd.org

Temaansvarleg: Jakob Rødde