Lokalmiljø

Ill_Lokalmiljo

Foto: vikebygd.org

I Vikebygd har me eit flott lokalmiljø med alle dei viktigaste funksjonane ei bygd treng for å eksitere og vere attraktiv. Skule og barnehage er ofte det som avgjer om det er «liv laga» i ei bygd eller grend. Vik skule og barnehage ligg sentralt plassert i eit flott område i bygda. Her har dei god plass og mange aktivitetar rett i nærleiken. Både Ballbingen og Trimparken er flittig i bruk og ikkje minst det flotte skogsområdet skulen disponerar.

I tillegg har me butikk og eit stor forsamlingshus/bygdahus kor det ofte er samankomster og arrangement. Storsalen i bygdahuset fungerer også som gymsal for skule og idrettslag. Med eit flott moderande kjøkken kan bygdahuset nyttast til mange og varierande formål.

Like ved bygdahuset ligg «Kjekt i Vik hallen». Dette er Vikebygd Idrettslag si storstue. Ein idrettshall med kunstgras som kan nyttast til mange aktivitetar. Alt frå fotball, vollyball og badminton til andre arrangement som treng stor plass med tak over.

Den flotte kyrkja i Vikebygd ligg nydeleg plassert like ovanfor båthamna og er lett synlig enten ein kjem med båt eller ein kjem til bygda med bil. For uten gudstenester og brudlaup er kyrkja nytta til andre formål som konsertar og speidaraktivitetar.

Plassabakeriet og Gamlatunet tilbyr også ulike arrangement og aktivitetar for både lokalbefolkningen og tilreisande. Plassabakeriet er godt kjend over heila Haugalandet, ikkje minst for dei gode snurringane dei lagar om sommaren.

Om sommaren er det møkje trivelege hyttefolk i bygda og det kjem folk fra andre stadar i Ålfjorden som nyttar Vikebygd til handel og møtestad. Ikkje minst i samband med Vikebygdfestivalen som normalt arrangerast i slutten av juli kvart år.

Temaansvarleg: Stein Andor Sundve