Soknerådet

SIll_Soknerådkjold og Vikebygd sokneråd
I Vindafjord kommune er 8 kyrkjer. Det området med innbyggjarar som geografisk høyrer til ei av kyrkjene, vert kalla kyrkjesokn. Vikebygd sokn dekkjer området frå Trovågfeltet i sør til Toredalen i nord, dvs. det området vi i dag reknar å høyra til Vikebygd.

Dei innbyggjarane som bur i soknet, som er medlem av Den Norske Kyrkja, og som er fylt 15 år eller eldre, vel eit sokneråd for fire år. I 2015 starta ein prøveperiode der Vikebygd og Skjold har felles sokneråd.

Val av soknerådet
Dei som sit i Skjold og Vikebygd sokneråd i perioden 2015-2019, er:
Frå Vikebygd: Brit Nelly Ness Tveit, Dag Hans Nagel-Alne og Øyvind Valen (repr. frå Vikebygd til Fellesrådet for kyrkjene).

Frå Skjold: Kari Synnøve Velde Haugen, Gunnbjørg Nesbu, Anne Kristine Lilleskog Andersen, Kirsti Medhaug Hjelmeland og Øystein Kalstveit (repr. frå Skjold til Fellesrådet).  I tillegg kjem varamenn frå kvart av dei to sokna..

Leiar vert vald for eitt år om gangen og for året 2017 er vald:
Leiar: Brit Nelly Ness Tveit
Nestleiar: Kari Synnøve Velde Haugen

Hovudansvaret for gudstenester og kyrkjelege handlingar er lagt til presten. Utover det ligg den kyrkjelege mynde på lokalplanet til soknet, representert ved soknerådet og fellesrådet. Vi kan kort definere at soknerådet har ansvaret for aktiviteten og livet i kyrkjelyden. Fellesrådet har ansvaret for tilsette som arbeidsgjevar, for kyrkja sine bygg, kyrkjegardar og eigedommar. Kvart sokn har ein representant i fellesrådet, saman med ein representant for kommunen og ein sokneprest (som representerer biskopen).

«Menighetsrådet treffer avgjørelser og opptrer på vegne av soknet når det ikke er fastsatt i eller i medhold av lov at myndigheten er lagt til kirkelig fellesråd eller et annet organ» (Kirkeloven § 5 annet ledd).

Kjelde: Kyrkja.no

Les meir om Austre Vikebygd kyrkje her

Og om bygda si kyrkjehistorie

Sokna har eit felles kyrkjeblad som dei kallar Hyrdingen


Temaansvarlig: Steinar Skartland