Musikkorpset

Foto: Steinar Skartland

Foto: Steinar Skartland

Vikebygd skule- og ungdomskorps

Vikebygd skule- og ungdomskorps er det «formelle» namnet – til dagleg kallar me det berre «Korpset» – kanskje fordi fleire av medlemmene har slutta skulen for lengst….. Uansett: Me er ein gjeng på 13-16 stk frå 10 år og oppover som spelar saman.

Gjennom året har me ein del faste speleoppdrag. Før jul spelar me på julemessa, julekonsert, tenning av julegran, opning av julegata i Naustvika og i kyrkja på julafta. I vårhalvåret spelar me sjølvsagt på 17.mai. Oppdrag ut over det varierer.

Har du lyst å lære deg å spele? ( NB! Alder er av mindre betydning! ). Då kontaktar du ein av medlemmene i korpset – så tar me det derifrå!

Kontaktpersonar:

  • Marijann Larsen – tlf. 900 65 895
  • Inger Kathrine Sundve – tlf. 975 74 954
  • Gunn Vikingstad – tlf. 488 91 754
Temaansvarleg: Gunn Vikingstad