Vikebygd idrettslag


Vikebygd Idrettslag er eit fleirdrettslag i Vikebygd i Vindafjord kommune. Idrettslaget vart stifta i 1969, og har eige klubbhus og idrettsanlegg ved Bygdahuset på Veastadheia.(«Leikarvollen»)  Idrettslaget er tilslutta Norges Idrettsforbund (NIF) og Rogaland Idrettskrets. Idrettsanlegget består av ein 100x60m grasbane og 350 m løpebane. Klubbhuset har toalett, lagerrom, møterom og minikjøken/kiosk.

Idrettslaget er og aksjeeigar i  Kjekt i Vik Hallen AS som vart bygd i 2015. Dette er ein uisolert hall med kunstgrasbane, som vert brukt til treningar heile året.  Hallen brukes i h.h.t. oppsette treningstider, men er open for alle.

Idrettslaget drives av eit styre på 5 personar, 1 vara og 1 representant frå fotballgruppa.

Idrettslaget arrangerer ein årleg aktivitetsdag for heile familien. Dette har vist seg som ein svært populær utandørsdag kor aktivitetar for heile familien står på agendaen. Her kan ein prøve seg i springing, sykling, fotball ferdigheter, pil og bue, orientering, lengde, triathlon og kule.

Kontakt idrettslaget på:  idrettslaget@vikebygd.net

Meld deg inn i Vikebygd IL her: https://medlemskap.nif.no/25179

Medlemer:

Per 31.12.2021 var medlemstalet totalt 130 medlemer.

Undergrupper:

Per i dag er det 1 aktiv undergruppe i idrettslaget, fotballgruppa.

Fotballgruppa sørger for lag, treningar og «Vikeputten», ein minicup som arrangeres i april. Målgruppa i Vikeputten er barn i alderen 6-12 år. Fotballgruppa er tilslutta Norges Fotballforbund Rogaland (NFF)

I tillegg til dette fins det grupper som held på med allidrett for barn, fitness, volleyball og badmington.

Historie

Vikebygd idrettslag vart stifta i 1969 og vart medlem i Norges Idrettsforbund i november 1969. Den første leiaren var Karl Tindeland.  Emblemet er teikna av Per Vik.

Baneanlegget sto ferdig i 1975. Der er grasbane, løpebane, plass for lengdehopp og kulekast.  Initiativtakar og eldsjel bak dette anlegget var Karl Tindeland. Laget hadde då 44 medlemer.

Klubbhuset sto ferdig i 2008 og Kjekt i Vik Hallen vart opna i oktober 2015.

Idrettslaget var tidlegare arrangør av det årlege trimløpet «Kvamsåsen Rundt», eit 11 km langt terreng- og asfaltløp, med deltakarar frå heile Haugalandet.

 

Bildet viser trening i hallen frå 2016 og er henta frå vikebygd.org


Etter at ”Kvamsåsen Rundt”- løpet forsvann vart det i nyare tid erstattet av aktivitetsdag for heile familien. Dette har vist seg som en svært populær utandørsdag kor aktivitetar for heile familien står på agendaen. Her kan ein prøve seg i springing, sykling, fotball ferdigheter, pil og bue, orientering, lengde, triathlon og kule.

(Bildet er henta frå vikebygd.org)

Temaansvarleg: Styret i Vikebygd Idrettslag