Motorbåtforeningen

Ill_Båthavn

Foto: vikebygd.org

Vikebygd har eigen motorbåtforening som blei stifta i 1968 og som no har over hundre medlemmer. Båtforeningen har stadig planar om utvidingar og forbedringar for å gjer forholda betre og tryggare for medlemmene, samt å få båtplass til feire medlemmer.
I tillegg til alle bryggearealene, med steinmolo som skjermar mot vér og vind, har heile området rundt båthavna blitt rusta opp. Båthavna har ei triveleg gjestebrygge. I båtforeningens klubbhus er det gjort i stand gode forhold med både toalett- og dusjmuligheter for dei som nyttar gjestebryggeområdet. Her kan ein både komma med båt å legga te kai eller ein kan stille seg opp med bubil/campingvogn og nyta nærheiten til sjøen. Badestranda ligg rett på sida av gjestebrygga der du også finn ei flott grillhytte til fri bruk for dei besøkande.

Dersom du treng å vedlikehalda båten kan du koma te Vikebygd å leiga båtforeningens eigen slipp som er sertifisert og godkjend for båtar opptil 40 fot.
Har du båten med deg på hengar kan du nytta plassen der det er gjort i stand for å rygga båten rett ut i sjøen.

Velkommen til eit triveleg opphald i havna!

For utfyllande informasjon: vikebygd-motorbaatforening.no

Temaansvarleg: Roald Årvik