Kriterier

Utskriftsvennleg versjon: PDF-format

 Kriterier for tildeling av midlar

  1. Kven kan søkje om midlar?
    Grupper, lag og foreiningar oppfordrast til å søkje om midlar. Fleire personar kan gå saman om ein søknad, men søknad på vegne av enkeltpersonar vil ikkje bli vurderte.
  2. Korleis bør midlane nyttast?
    Midlane det søkjast om må gå til prosjekter, aktivitetar eller arrangement i lokalmiljøet i og rundt Vikebygd og vere til felles glede og nytte for flest mogeleg av bygdas innbyggjarar.
  3. Kor mykje kan det søkjast om?
    Det er ingen øvre beløpsgrense. VGU har eit gitt beløp å fordela årleg.
  4. Kva for søknadar vil bli føretrekte?
    – Søknadar kor det føreligg eit budsjett, ein plan og ein prosjektansvarleg
    – Prosjekter, aktivitetar eller arrangement (PAA) med allmenn interesse
    – PAA med høg grad av gjennomføringsevne og frivillig innsats
    – PAA som ikkje blir sett i verk på grunn av eventuell støtte
    – Søkjar har redusert eller låg betalingsevne, enten generelt eller pga. prosjektet.
    – Søknadar kor midlane kun skal dekkje ein avgrensa del av eit totalt prosjekt.
  5. Kva for alternative løysingar finnest?
    VGU kan velje å sette til side deler av, og eller resterande midlar som då vil gå inn i neste års tildeling. Resterande midlar oppstår om det ikkje ligg føre nokon relevante søknadar som oppføljer kriteria.
    Det kan også vurderast at VGU held tilbake alle midlar inntil vidare i tråd med ein gjennomføringsplan for eit større prosjekt det blir einigheit om å gjennomføra på lengre sikt.
    Midlar som er tildelt eit prosjekt som ikkje kjem i gang innan avtalt tidsperiode vil gå inn i neste års tildeling.
  6. Kva er søknadsfristen?
    Søknadsfristen blir sett til snarast, men midlane blir tildelt fortløpande gjennom året. Første tildeling vil ikkje skje før neste utbetaling frå SØK er tilgjengeleg på konto.
  7. Kven skal motta søknaden?
    Søknad skal sendast til Vikebygd Grendautval via e-post: post@vikebygd.no