SØK-midlar

No kan du igjen snart søkje om økonomisk støtte hos Vikebygd Grendeutval

Vikebygd Grendeutval (VGU) har igjen fått ansvaret for å fordela SØK-midlar til beste for bygda. For 2023 blei Vikebygd tildelt kr 90.000,-.

Det er no mogeleg å senda søknad til: post@vikebygd.no

Søknadsfristen er sett til 31.05.2024

Bakgrunn:
Skånevik Ølen Kraftlag AS har inngått partnarskap med bygde- og grendelag i konsesjonsområdet gjennom å tilføra årlege tilskot til desse laga. Difor kan du nå søkje om midlar til prosjekter, aktivitetar eller arrangement i lokalmiljøet i og rundt Vikebygd som er til felles glede og nytte for flest mogeleg av bygdas innbyggjarar.

Midlane skal gjennom økonomisk støtte leggja til rette for god aktivitet innan: 

  • Anlegg og forsamlingshus
  • Barne- og ungdomsarbeid inntil 16 år.
  • Kulturarv- og sogearbeid

Vikebygd Grendeutval har i tillegg laga nokon eigne kriterier i forbindelse med tildeling av midlar. Desse finn du her ->

Korleis søkje om pengar?

Søknaden må innehalde ein enkel prosjektbeskriving og kronebeløpet det søkjast om. I større prosjekt må det visast til eit budsjett, ein plan og namn/kontaktinfo til prosjektansvarleg.

Søknadsfristen er sett til 31.05.2024 og tildeling skjer normalt fortløpande gjennom året så langt pengene strekk til.

Søknad skal sendast til Vikebygd Grendautval via e-post: post@vikebygd.no
Sjå elles pkt. 7 i kriteriene.