Bygg vikebygd.no

Bli med å bygg opp nettstaden vikebygd.no

Ill-nettsideVikebygd Grendautval beslutta i 2015 at det skulle utviklast ein nettstad med faktainformasjon, lokalt for Vikebygd, under domenenavnet vikebygd.no

Nettstaden vikebygd.no skal vere ein naturleg stad å finne faktainformasjon om Vikebygd og kva bygda har å by på. Dette kan vere omtale av aktivitetar/fritidstilbod, fakta om bygda, oversikt over turløyper, foreningsarbeid, kulturtilbod, omtale lokale næringslivsbedriftar og liknande.

Enten du er fastbuande, har hytte, er på besøk eller du ynskjer å bu her, skal du finne noko av interesse.

Nettstaden skal kun innehalde faktainformasjon om Vikebygd og aktivitetar som finnest i bygda. Det er ikkje tenkt at denne nettstaden skal bringe nyheiter eller andre aktuelle saker. Til det har me vikebygd.org som gjer dette bedre en nokon.

Det er Vikebygd Grendautval som har påteke seg oppgåva med å utvikle og vedlikehalde vikebygd.no.

Me treng alltid meir innhald som skal til for å gjere vikebygd.no best mogeleg.

Dette er tenkt som ein felles dugnad. Alle som har ansvar for noko i bygda kan bidra med tekst og bilete som omhandlar dei aktivitetene eller temaene som ein vil publisera.

Me håpar enten du eller nokon som er kjend med det du er ansvarleg for kan bidra med innhald til vikebygd.no

Sjå på oppsettet på www.vikebygd.no og kom gjerne med forslag til fleire ting som bør omtalast. Alle bidrag vil gjere nettstaden litt betre.
Bidrag i form av tekst og bilete sendes til post@vikebygd.no

Me er takknemleg for alle idéar og bidrag!

 

 

Med venleg helsing

Vikebygd Grendautval