Hovedside

12.03.2024:
Folkemøte på Bygdahuset

Onsdag 20.mars kl 19.00 blir det bygdemøte/informasjonsmøte om status for planane til Windafjord Port/Dommersnes AS. Møtet blir på Vikebygd Bygdahus. Innlegg v/prosjektleiar Jørgen Jorde. Det blir også innlegg ved representant for «Bevar Ålfjordens Perle». Velkommen!

04.03.2024:
Årsmøte i Grendautvalet

Husk årsmøtet 7. mars kl. 20 på Bygdahuset. Særskilt velkommen til alle sambygdingar under 40 år!

21.02.2024:
Medvind Næringshage inviterer leverandørar innan reiseliv til ei inspirerande samling den 22. februar kl. 17.00.

Reiselivsaktivitet i Vindafjord 2024: Samling for leverandørar innan reiseliv – Medvind24
Medvind Næringshage inviterer leverandørar innan reiseliv til ei inspirerande samling den 22. februar kl. 17.00.
medvind24.no

Oppfordra alle som kan og vil levera eit produkt til turistnæringa om
å melda seg på. Også dei som planlegg, eller har lyst til å finna
på noko.

opplevingar-, overnattings-, serverings-, transport-, formidling……..

Helsing
Morten Helland
Telefon: 45865508
morten@medvind24.no
Medvind24.no
Haukelivegen 668
5582 Ølensvåg

10.02.2024:
Årsmøte i Vikebygd Grendautval torsdag 7. mars kl. 20 på Bygdahuset

Det blir årsmøte i Vikebygd Grendautval torsdag 7.mars 2024 kl 20.00. – på Bygdahuset. Sett av datoen!

Har du saker til årsmøtet? Meld den/dei inn til Grendautvalet snarast mogleg og seinast 20.februar-24.
Send til post@vikebygd.no eller lever skriftleg til Gunn på Joker.

Er du klar for å gå inn i styret i Grendautvalet og/eller har du tips om personar som bør kontaktast? Då vil valkomitéen v/Else Karrin Dommersnes gjerne vita det!

18.12.2023:
Grendautvalet har sendt inn merknad til planforslaget for detaljregulering Dommersnes

Her er lenke til uttalen frå Vikebygd Grendautval.

20.11.2023:
Windafjord Port inviterer til informasjonsmøte 27.11.23 på bygdahuset kl. 18-20:

Plakat informasjonsmøte

06.11.2023:
Oppdatering frå Windafjord Port (Dommersnes AS):
Kunngjering – Reguleringsplan fase 2 og 3 på Dommersnes

«Hei, 

Vi har påbegynt arbeidet med reguleringsplanen for det vi har kalt fase 2 og 3, og har hatt et oppstartsmøte med kommunen om dette. Etter oppstartsmøtet har Norconsult utarbeidet et Planprogram som beskriver både mulige planeringer, utbygginger og aktiviteter på Dommersnes, samt hvilke undersøkelser og utredninger som vi har planlagt å gjøre i planarbeidet. I henhold til plan- og bygningsloven blir det varslet oppstart av detaljregulering med en kunngjøring. Kunngjøringen vil skje på mandag (tidlig neste uke) iht gjeldende prosedyrer for dette. Dette inkluderer gjennom avis (hvertfall Grannar), og at det vil være tilgjengelig på kommunen og Norconsult sine nettsider (fra mandag regner jeg med – det ligger ikke der nå): https://www.vindafjord.kommune.no/byggesak-og-teknisk/plan-eigedom-og-kart/planar-og-hoyringar/kunngjering-av-planar-og-hoyringar/ og https://norconsult.no/kunngjoeringer/ og vil hete: «Varsel om planarbeid, detaljregulering for industri- og hamneområde ved Dommersnes i Vindafjord kommune, PlanID 1160-202308». Der vil dere finne kart, planinitiativ og planprogram, referat fra oppstartsmøtet og en enkel forklaring om planprosessen 

Som en del av medvirkningsprosessen vil vi gjennomføre en spørreundersøkelse, invitere til dialogmøte med grendeutvalet og i tillegg ha kontordager i Vikebygd og Ølen i midten av November for å møte svare på spørsmål rundt både prosess og planer. Datoer og kontaktpersoner for å avtale møter vil bli opplyst i kunngjøringen. Frist for å gi merknader til planarbeidet er 18.12.2023. 

For ordens skyld kan jeg tilføye at byggesøknaden for planeringen i fase 1 er under behandling i kommunen i en separat prosess, 

Ta gjerne kontakt med meg om dere har spørsmål til dette eller andre saker for Dommersnes, 

Ha en fortsatt fin helg, 

mvh

Jørgen 

Best regards

Jørgen JORDE
Managing Director Dommersnes AS
Windafjord Port
Mobile phone: +47 41296639″

Alle interesserte kan møte konsulent/forslagsstillar på kontordag i Vikebygd grendehus den 14.11.2023 kl. 10- 16, eller på rådhuset i Ølen den 21.11.2023 kl. 10-16. Ta kontakt med Anne Sofie Sandvik på e-post anne.sofie.sandvik@norconsult.com  for å avtale tid, eller berre møt opp på oppsett kontordag.

11.10.2023:
Høyring – kommuneplan for Vindafjord kommune 2024-2036 – samfunnsdel med arealstrategiar

Grendautvalet har mottatt dette brevet om høyring frå Vindafjord kommune.

Alle innbyggjarar (privatpersonar, lag, organisasjonar, firma) kan senda inn høyringsuttale innan fristen 18.12.2023 til følgjande e-post: postmottak@vindafjord.kommune.no.

All informasjon inkludert høyringsutkastet og planprogram finn ein her på kommunen si nettside. Her er lenke direkte til høyringsutkastet.

Vikebygd er konkret nemnd to stadar i høyringsutkastet:
– Strategi: Busettingsomsyn er særskilt gjeldande i Imsland, Bjoa og Vikebygd. Vidareutvikla gode VIBar prosjektet.
– Strategi: Strategisk viktige næringsareal skal utviklast på Dommersnes og Nerheim.

Nytt sjansen til å påverka utviklinga i Vindafjord og Vikebygd for planperioden fram til 2036. Send inn høyringsuttale om du har noko på hjarta!

Kandidatar til prisar for 2023?

Grendautvalet ynskjer innspel/forslag innan 28. august til moglege kandidatar frå Vikebygd til prisar i Vindafjord for 2023. Send oss innspel på e-post post@vikebygd.no.

Informasjon frå Vindafjord kommune:

Kulturpris

Prisen kan gjevast til einskildpersonar, grupper eller lag som har gjort ein særleg tenestefull innsats i kommunen innan det utvida kulturomgrepet – som også fremmar idrett.

Omsorgs- og inkluderingspris

Prisen kan gjevast til einskildpersonar, lag eller organisasjonar, og i særleg høve bedrifter, som på ein positiv måte har bidrege gjennom frivillig arbeid til å gje medmenneske respekt, eit meiningsfult og verdig liv. Dette kan vera gjennom arbeid og aktivitet for einskildmenneske eller grupper. Arbeid og aktivitet med tanke på å inkludera utsette grupper og einskildpersonar vil også bli vektlagt.

Næringspris

Prisen kan gjevast til einskildpersonar eller firma som har gjort ein innsats for næringsarbeidet i kommunen

Byggeskikkpris
Byggeskikkprisen kan delast ut til den/dei som på ein god måte tek vare på eldre bygningar og heilskapelege bygningsmiljø, eller har sett opp nybygg, tilbygg eller påbygg. Formålet til byggeskikkprisen er å løfta fram forbildebygg som bidreg til å heva, fornya og utvikla byggkvalitet lokalt. Kvalitetane er knytt til miljø, klima, tilgjenge og byggeskikk, og det skal vektleggjast korleis bygningsmiljøet er teke i vare, saman med tilhøyrande anlegg som parkar/hageanlegg, skulpturar, bruer og uterom.

Grendautvalet sin uttale til byggesøknaden til Dommersnes AS for Fase 1

Grendautvalet har sendt inn følgjande merknadar til nabovarselet:

Det er viktig for Grendautvalet at naboar, både fastbuande og fritidsbustadar, blir tatt så godt vare på som mogleg før, under og etter anleggsperioden og at alt arbeid blir gjort så skånsomt som mogleg slik at omgjevnadane blir påverka så lite som mogleg:

  1. Arbeid som skaper støy (sprenging, graving, steinknusing og båtlasting) bør ein unngå så langt det let seg gjera i helgene frå og med fredag ettermiddag.
  2. Grendautvalet ynskjer å bli halden fortløpande orientert (e-post?) om målte verdiar for støy- og støv og målingar av avrenning til sjø (gyteområde for torsk utanfor Dommasnes) under anleggsperioden. Når det gjeld støvmålingar ynskjer me informasjon om støvet inneheld potensielt kreftframkallande kvarts.
  3. Det bør tilstrebast maksimal bruk av landstraum for båtar som legg til kai for å minimera støyplager (og forureining) frå båtmotorar ved landligge. Dersom det er for liten straumkapasitet, bør kapasiteten utvidast til å dekka behovet.
  4. Grendautvalet ynskjer å bli halden fortløpande informert (månadleg e-post til post@vikebygd.no?) om status i prosjektet og eventuelle framtidige planar (innspel til ny reguleringsplan så snart slike ligg føre).
  5. Til infomøtet den 5/7-23 var det sendt invitasjon ut frå «ei utvida naboliste» og det var bra! Samtidig vart det slik at kun 2 ( av 4 ) av dei fastbuande fekk invitasjon. Me ber om at alle fastbuande ( dvs 4 husstandar ) på Dommersnes blir lagt inn som naboar i den vidare prosessen. Grendautvalet bistår gjerne med «kontroll» av adresselistene. Her kan vår lokalkunnskap nyttast og bidra til å redusere «friksjonar».
  6. For å redusera det visuelle inntrykket av naturinngrepet og for å dempa framtidig støy til omgjevnadane, bør anleggsområdet omkransast av vegetasjon så langt det let seg gjera.
    Det er prisverdig at det vert planlagt med å la ein fjellknaus stå att mot nord slik at ikkje heile området som skal planerast ned til 3m høgde over havet vert synleg frå nord.
    Når det er sagt, så vil tiltaket med inntil 24m høge skjeringar verta veldig synleg som eit krater sett frå fjorden og sett frå Sveio i vest. Det som kan gjerast bør gjerast for å minimera det veldig synlege såret i naturen sett frå fjorden/Sveio. Kva med å planta ei smal vegetasjonssone (bjørk?) langs skjeringane (inne i det planerte området på kote 3m) slik at skjeringane med tida kan verta minimalt synlege frå sjø/Sveio? Elles kan skjeringane langs toppen rundt få ein jordvoll som vil vegetera seg sjølv over tid, eventuelt beplantast. Slike industriområde kan med fordel innrettast mjukare enn praksis har vore i industri-Noreg til no, på ein måte slik at inntrykka blir dempa og naturen slepp til der det er mogleg. Vegetasjon vil i seg sjølv også vera støydempande. «Grøn industri» bør klare «grøne industriområder»!
  7. Grendautvalet ynskjer at bygda får gratis stein, som kan nyttast til trappetrinn i «sherpatrapp» opp til lokal fjelltopp Trodlanibbå, frakta til eigna stad i bygda.

Helsing
Vikebygd Grendautval v/leiar Gunn Vikingstad

Nabovarsel om «vesentleg terrenginngrep» (Fase 1) på Dommasnes

7. juli 2023 sendte Dommersnes AS/Windafjord Port utvida nabovarsel (ut over direkte tilgrensande eigedommar) til dei næraste naboane på Dommasnes om «Fase 1» med frist 6. august for merknadar til planlagt tiltak. Tiltakstypen er «endring av anlegg», «vesentleg terrenginngrep» for eit 54 daa areal på Gbnr 332/74.
Tiltaket inkluderer to søknadar om dispensasjon:
– dispensasjon frå arealplanar (skjeringshøgder, i den grad kommunen vurderer dette som aktuelt)
– dispensasjon frå plan og bygningslova (fra Pbl. § 1-8 om avstand til sjø)

Då dette er informasjon som er interessant/relevant for heile bygda, legg Grendeutvalet her ut alle dei sju dokumenta som vart sende til dei næraste naboane:

Nabovarsel
Kvittering for nabovarsel
Situasjonsplan
Perspektiv
Terrengprofil
Dispensasasjonssøknad
Referat frå førehandskonferanse med kommunen

Kva er Vikebygd Grendeutval si rolle i samband med utbyggingsplanane på Dommasnes?

Då det i det siste har oppstått forvirring i bygda om kva som er Grendeutvalet si rolle i samband med utbyggingsplanane på Dommasnes, ynskjer Grendeutvalet å presisera kva dei ser som si rolle:

Om Grendeutvalet står følgjande i vedtektene:

§3. Føremål
Vikebygd Grendeutval skal arbeida for at Vikebygd er ei levande og god bygd å bu i, og skal ta opp saker som er av allmennyttig interesse. Laget skal legga vekt på å høyre og samordne interessene i bygda. Vikebygd Grendeutval skal vera eit bindeledd mellom innbyggarane og kommunen, mellom anna ved å vere høyringsinstans ovanfor kommunen i saker som særleg vedkjem Vikebygd.
Alle i bygda kan kome med innspel om saker.

Grendeutvalet består av enkeltpersonar med ulike meiningar om planane på Dommasnes. Som enkeltpersonar har alle i bygda, også dei i Grendeutvalet, rett til å sei si personlege meining om planane på Dommasnes. Grendeutvalet som utval har ikkje tatt stilling for/imot, men prøver å bidra til at det kjem ut informasjon undervegs og samstundes gi høyringssvar som «speglar» alle synspunkt i bygda – om dei er fastbuande eller har hytte her.

Utvalet skal altså vera eit bindeledd mellom folk i bygda (både fastbuande og dei som har hytte her) og det nye selskapet Dommersnes AS og kommunen. Som bindeledd ynskjer utvalet å leggja til rette for god informasjonsflyt mellom alle desse partane. Utvalet skal pressa på for å få så tidleg og god informasjon som mogleg frå Dommersnes AS og kommunen og publisera dette for folk i bygda. Den andre vegen skal utvalet sørga for at folk i bygda får gitt sine innspel direkte til Dommersnes AS og kommunen eller via utvalet.

Grendeutvalet oppfordrar difor alle som har innspel, synspunkt og meiningar om å formidla desse direkte eller via Grendeutvalet til Dommersnes AS (jorgen@windafjord.com, tlf. 41296639) og/eller til kommunen. Send gjerne e-post til post@vikebygd.no. Mottakar av e-posten er alle som sit i Grendeutvalet. Eller kontakt personar i Grendeutvalet direkte eller på telefon.

Oppdatert informasjon om Dommasnes

Grendeutvalet har mottatt følgjande info frå kommunedirketør Yngve Folven Bergesen 26. juni 2023:

«På vegne av Dommersnes AS/Windafjord, sender Vindafjord Kommune ut
informasjon om planen for gjennomføring av Fase 1 av utvikling av
industriområdet på Dommersnes til naboar og grendautval.

Vedlagt dette brevet følgjer nokre informasjonsark frå selskapet med
informasjon om planane framovber.

I samband med at nabovarsling for oppstart av tiltak med
sprening/knusing og utskiping av massar frå Dommersnes vert sendt frå
Dommersnes AS/Windafjord i løpet av veke 27, vert det invitert til
informasjonsmøte for naboar og Vikebygd Grendautval onsdag 5. juli
klokka 14 på Vikebygd Grendahus.

Frå Dommersnes AS/Windafjord stiller dagleg leiar Jørgen Jorde, og
frå Vindafjord Kommune stiller einingsleiar Thomas Vestbø.

For å lette informasjonsflyten seinare, og mellom anna gjere det
enklare for selskapet å sende ut informasjon direkte på e-post,
ønskjer vi å setje opp ei e-postliste i etterkant av møtet 5. juli.
Dei som eventuelt ikkje har høve til å delta på møtet 5. juli kan
sende namn og kontaktinformasjon til Jørgen Jorde i Dommersnes AS på
e-post jorgen@windafjord.no»

Lenke til informasjonsark

Hywind Tampen – Flytende havvind

Hywind Tampen blir verdens første flytende vindpark som driver offshore olje- og gassplattformer. Les meir her ->

______________________________________________________________________________________________________

Vikebygd-filmen – Ålfjordens Perle: Lik og del vidare…

Vikebygd-filmen.

Les meir og sjå filmen her ->

Sjekk ut dei flotte turløypene i VIKEBYGD!

_______________________________________________________________________________________________________

Nyheitene frå Vikebygd finn du på vikebygd.org


Om du ønskjer å sjå nyheiter frå Vikebygd må du besøkje nettstaden vikebygd.org.
Det er ei lokal nettside med informasjon om alt som skjer i bygda og vart jevnleg oppdatert. Der finn du informasjon om alt som skal skje og omtale av alt som har vore avholdt.

Gå til vikebygd.org

________________________________________________________________________________________________________

_________________________________________________________________________________________________

Bli med å bygg opp nettstaden vikebygd.no

Ill-nettside


Vikebygd Grendautval har beslutta at det skal utviklast ein nettstad med faktainformasjon, lokalt for Vikebygd, under domenenavnet vikebygd.no

Nettstaden vikebygd.no skal vere ein naturleg stad å finne faktainformasjon om Vikebygd og kva bygda har å by på. Dette kan vere omtale av aktivitetar, fritidstilbod, fakta om bygda, oversikt over turløyper, foreningsarbeid, kulturtilbod, omtale lokale næringslivsbedriftar og liknande.

Enten du er fastbuande, har hytte, er på besøk eller du ynskjer å bu her, skal du finne noko av interesse.

Me treng alltid hjelp til å utvikle nettstaden vidare. Les meir her!

____________________________________________________________________________________________________

Mange flotte turløyper i og rundt Vikefjellene

Godt merkede stier...
Godt merkede stier…

I området, i og rundt Vikebygd, finnest det mange flotte turløyper. Enten du er godt trent eller du er meir på et mosjonsnivå, vil du alltid finna turløyper som passar dine ynskjer. Turløypene er godt merka og tilrettelagt for alle som ynskjer ein flott tur i friluft. Dei fleste turløypene er og å finna på www.ut.no, der dei er godt beskrevne og merka på interaktive kart.

Sjå link til alle dei lokale turane i Vikebygd, klikk her!




_____________________________________________________________________________________________________